Logg inn Ny konto

Helseministeren ber fastleger slutte med facebook-chat

2017-11-20
Back to main blog list

Rogaland (NRK): Mange fastlegekontor her i landet opnar for direkte kommunikasjon med pasientane gjennom Facebook. – Det er ulovleg og skal ikkje skje, slår helseministeren fast.

Crypho Foto: Illustrasjon: Colourbox.com

– Dei fastlegekontora som bruker Facebook til å kommunisera med pasientane må slutta med det fordi det aukar faren for at pasientsensitiv informasjon blir formidla på ein utrygg måte, seier helseminister Bent Høie (H), til NRK.

I ein landsomfattande test frå Forbrukarrådet kjem det fram at 79 fastlegekontor opnar for direkte kommunikasjon med publikum gjennom Facebook-meldingar.

Forbrukarrådet fryktar helseopplysningar kan komma på avvege, og då testen blei gjort kjent førre månad etterlyste dei trygge og smarte måtar å dela informasjon med fastlegen på.

– Fastlegane risikerer at pasientar skriv om sensitive helseopplysingar i den tru at Facebook Messenger er ein privat kanal, sa direktøren i Forbrukarrådet, Randi Flesland, i pressemeldinga (ekstern lenke).

Kryptert informasjon


drawing
Geir Bækholt, dagleg leder i Crypho

Eit selskap som arbeider med å laga løysingar for å dela digital informasjon på ein sikker måte er Crypho. Dei bygger tekniske løysingar for kryptert informasjon.

Når all informasjon er ende-til-ende kryptert, kan den ikkje opnast og bli lest før den er trygt framme hos mottakaren.

– Eit slikt verktøy kan gjera det lettare for pasientar å kommunisera med helsevesenet. Ein kan senda konfidensiell pasientinformasjon i sanntid, for eksempel bilete, utan å uroa seg for at pasientinformasjon kjem på avvege, seier dagleg leiar Geir Bækholt i Crypho.

Blant anna bruker 15-20.000 pasientar ved fertilitetsavdelinga ved Sykehuset Telemark dette verktøyet til å kommunisera med avdelinga si på.

Like vanleg som nettbanken


drawing
Helseminister Bent Høie (H)

Helseminister Bent Høie viser til den offentlege helseportalen helsenorge.no (ekstern lenke). Det er plattforma styresmaktene meiner pasientane skal bruka for å koma i kontakt med helsetenesta digitalt.

– Nå blir det også rulla ut eit tilbod der ein kan endra timar og utveksla meldingar med fastlegen. Mange fastlegar har alt tatt dette i bruk, men me håpar å få dette landsomfattande i løpet av 2018-2019, seier Høie.

– Kor sikre kan me vera på at dette er trygge kanalar?

– Dette er trygge kanalar for utveksling av helseinformasjon. Eg er heilt sikker på at i framtida blir det like vanleg for oss å bruka denne nettstaden når me skal komma i kontakt med helsetenesta, som det er å bruka nettbanken når me skal kontakta banken.


Norske kommuner … Ny Crypho-app for iOS og …